Publisert på heimesida til Etne Elektrisitetslag AS – www.elagsfondet.no
Innkomne saker og spørsmål til styret
Styret viser til innkalling til årsmøtet 12.06.25. Styret har motteke enkelte e-postar innan fristen for å melde inn saker til årsmøtet. Slik styret ser det, er det meldt inn krav om vedtektsendring, samt krav om presisering av at styret må greie ut andre organisasjonsformer enn stifting før årsmøtet til hausten. Sakene er behandla av styret, og forslaga er vedlagt dette brevet.
I tillegg til forslaga har det kome inn ein e-post der særleg styreleiar blir skulda for å opptre på eiga hand og tillagt meiningar (og framferd) som styret ikkje kjenner seg att i. Styret sine medlemmar samarbeider godt om sakene, og er samstemte før brev eller annan kommunikasjon blir sendt til aksjeeigarar eller media. For å svare på skuldingane på ein god måte, har styret valt å ta dette med i tillegg til dei andre sakene i brevet. Ein annan e-post er òg svara ut, slik at ein kanskje kan unngå å bruke tid på dette under sjølve årsmøtet.
Medvenleg helsing
Styreti EEL AS
Etne, 3. juni 2025
Utgreiing
Styret viser til innkallinga til årsmøtet og fristen for innsending av saker sett til 1.juni 2025. Styret har motteke følgjande e-postar, og har handsama desse i styremøte 02.06.25. E-postane blir anonymisert og lagde fram nedanfor i blått og kursiv, med styret sitt svar i svart.
Sak 1) vedtektsendring
Emne: sak til generalforsamlinga.
ingen kan ha styreverv i elagsfondet meir enn 2 perioder.
Mvh
Styret oppfattar dette som ein førespurnad omvedtektsendring.
Av vedtektene § 5 går det fram at:
Frå Generalforsamlinga2020 blir styret redusert frå sju til fem styremedlemmer og skal veljast av Generalforsamlinga for 20 år om gongen. Tenesteansiennitet skal vere maksimum 6 år samanhengande.
20 år må openbert vere ein feil, og skulle vere 2 år(slik det har vore praktisert). Det vil seie at vedtektene no opnar for 3 samanhengande periodar.
Styret trur forslaget kan vere ei god løysing. Relativt hyppig utskifting av styremedlemmer – utan moglegheit for ny periode etter 4 år – vil vere positivt.
Styret føreslår at saka blir handsama på eit ekstraordinært årsmøte til hausten. Grunnen er at ei eventuell innføring no vil føre til at Frode Grindheim måtte tre ut. Dette vil vere uheldig for styret med tanke på prosessen ein no står i med selskapsform m.m. Det vil òg vere ei belastning for valkomiteen å få på plass nye styremedlemmer på så kort tid.
Forslag til vedtak:
Vedtektsendring om at ingen kan ha styreverv i elagsfondet meir enn 2 periodarà 2 år, blir handsama på ekstraordinært årsmøte hausten 2025.
Sak 2 Alternative forslag til selskapsstruktur/Organisasjonsform
E-post 1:
Emne:Generalforsamling juni 2025
Hei
Eg ynskjer å delta på Generalforsamlinga 10. juni.
Sak til Generalforsamlinga: Styret skal fremja alternative utarbeidde forslag til omdanning/virksomhetsendring slik at Generalforsamlinga kan ta stilling til kva for ei løysing styret skal jobbe videre med.
Mvh
E-post 2:
Subject: Påmelding GF og innspel
Hei!
Viser tilsak 7, generalforsamling 2024. Ber om at styret legg fram resultatet til avstemming; om styret skal gå vidare med endring av selskapsform som ivaretar formålet og aksjonærenes interesser.
Det bør stemmast over to alternativ:
-SØK modell kor det kan utbetalast utbytte. Mange av aksjonærane er ikkje i formuesposisjon, men vil i dyrtida som er, kunne trenge eit utbytte. Det bør brukes eit nytt eksternt advokatkontor for å sjå på ein slik modell.
-Stifting
Jan Vinje satte fram følgende forslag til vedtak: Styret instrueres i å undersøke endring i selskapsformen til EEL fra AS for på beste måte for å ivareta formålet og aksjonærenes interesser. Styret blir bedt om å fremlegge resultatet til avstemming i ekstraordinær generalforsamling senest 3 måneder etter at utredningen er ferdig.
Styret trekte sitt forslag.
Det ble ikke stemt over Andreas Grumheden og Elisabeth Lothe Nervik sitt forslag.
Jan Vinje sitt forslag ble vedtatt uten at det ble stemt over.
Styret ser på innspela som ei presisering av det oppdraget styret fekk av årsmøtet i fjor:
Styret blir instruert i å undersøkje endring i selskapsforma til EEL frå AS,for på best mogleg måte å ivareta føremålet og aksjonærane sine interesser.Styret blir bedt om å leggje fram resultatet til avstemming i ekstraordinærgeneralforsamling seinast tre månader etter at utgreiinga er ferdig.
Sjølv omstyret har motteke notat frå advokat Sæther om at stifting ser ut til å vere vegen å gå, har vi på ingen måte konkludert med dette. Vi vil avvente ei bindande førehandsfråsegn frå Skatteetaten før vi legg saka fram for ekstraordinært årsmøte. Styret reknar difor ikkje spørsmålet som ferdig utgreidd før dette ligg føre.
Styret vil då òg be advokat Sæther om å utarbeide eit forslag til omdanning etter modellen brukt i Skånevik–Ølen kraftlag – ei deling av selskapet i to einingar: eitt selskap med føremål om å betale ut utbytte til aksjonærane, og eitt selskap/stifting med føremål om å gje gåver til gode formål (SØK-modellen).
Styret har allereie greidd ut moglegheita for å gjeninnføre utbetaling av utbytte gjennom vedtektsendring, og vil òg leggje fram dette for det ekstraordinære årsmøtet til hausten.
For begge«utbyttemodellar» vil styret be advokat Sæther vurdere om det er behov for skattemessig vurdering av dei moglege konsekvensane.
For alle alternativa ser styret føre seg ein rimeleg frist for aksjonærane i forkant av årsmøtet,slik at ein har god tid til å handsame eventuelle spørsmål eller innspel
Forslagtil vedtak:
Styret blir – i tillegg til instruksen frå årsmøtet i 2024 – bedt om å også greie ut endring av EEL AS til den såkalla «SØK-modellen», samt greie ut gjeninnføring av utbetaling av utbytte. Styret blir pålagt å leggje fram forslag for ekstraordinært årsmøte hausten 2025 om dette, slik at årsmøtet kan fatte vedtak.
Sak 3) Val av advokatfirma for vurderinga ogstyreleiar sin habilitet
På grunn av den svært lange e-posten vel styret å svare punktvis i raudt etterkvart spørsmål. Styret finn grunn til å påpeike at e-posten går urimeleg langti å tillegge styreleiar Ove Wangensteen – og styret – meiningar og åtferd ein ikkje kjenner seg att i.
For å rette opp i dette – og hindre grobotn for konspirasjonsteoriar – har styret valt å svare ut e-posten.
Emne: Sakersom ønskes tas opp på Generalforsamlingen 12. juni 2025
Til: Etne Ellag
På innkallingen til Generalforsamlingen i Etne Ellag inviteres aksjonærene til å komme med innspill som en ønsker å ta opp på Generalforsamlingen.
Jeg tillater meg å komme med følgende innspill/saker/spørsmål under pkt 10, og ser det som en selvfølge at dette blir belyst på Generalforsamlingen!
1. Har Ove Wangensteen,Eurojuris, neglisjert aksjonærenes ønsker om også å få utredet alternative organiseringer av Etne Ellag/Elagsfondet i fremtiden?
1. Bakgrunn: i. Rapporten fra advokat Hans- Jakob Reinlund Sæther datert 19.12.2024 slutter nærmest ensidig opp omkring det ønsket Ove Wangensteen, Eurojuris, anmoder aksjonærene å gå innfor. ii. Andre organisasjonsformer er kun i begrenset ordelag omtalt eller totalt utelatt .Hvorfor er ikke SØK sin organisasjonsform utredet?
Her viser styret til sak 2 ovanfor. Andre organisasjonsformer er ikkje utelukka,sjølv om styret – basert på notatet frå advokat Sæther og det ein eventuelt må betale i utbyte for å dekkje inn formuesskatt m.m. – meiner dette ser ut til å vere ein dårleg veg å gå dersom ein samtidig skal ivareta det noverande føremålet til EEL AS, som er å gje gåver til gode formål i bygda. Jo meir som går i utbyte til aksjonærane – jo mindre blir det att til gåver tilgode formål. Som styremedlem Frode Grindheim sa det: Ved utbyte for å dekkje formuesskatten går aksjeeigarane i null, medan bygda går i minus.
Styret finn det òg svært viktig å minne om at det er styret som kollegium – ikkje styreleiar Ove Wangensteen åleine – som handsamar saker og fattar avgjerder. Ein kan forsikre aksjonærane om at styret held seg til både vedtekter og lovverk i si verksemd, og at styreleiar ikkje har meir å seie enn dei øvrige styremedlemmene.
2. Er habiliteten mellom advokatfirmaet Eurojuris og Ove Wangensteen, Eurojuris, som styreformann i Etne Ellag, vurdert?
1. Bakgrunn: i. Firmaet som rapporten fra advokat Sæther, Eurojuris, har signert, er identisk medadvokatfirmaet Ove Wangensteen jobber i.
ii. Rapporten fra Sæther, Eurojuris, er datert 19.12.2024. Ove Wangensteen, Eurojuris, har kommentert denne rapport, og sluttet seg til dennes konklusjoner allerede dagen etter, den 20.12.2024. Er det grunn til sammenblanding av roller her ? Har Ove Wangensteen, Eurojuris, hatt innsyn i rapporten under utarbeidelse av denne, siden hans brev kom ut allerede dagen etter?
Styret har vore fullstendig klarover at styreleiar arbeider i Advokatfirmaet Eurojuris Haugesund AS – same firma som advokat Sæther. Dette har Wangensteen vore svært tydeleg på då styret engasjerte advokat Sæther i denne saka. Habiliteten er vurdert både etter vedtektene og aksjelova, og styreleiar er funnen habil. Det blir i tillegg vist til at Wangensteen, utover å vere tilsett, ikkje har noko eigarskap i firmaet, og heller ikkje får nokon økonomisk fordel av at styret engasjerte advokat Sæther. Det blir òg vist til sak 4 nedanfor.
Når det gjeld rapporten frå advokat Sæther – som òg er tema i spørsmålet nedanfor –kan styret informere om at vi fekk tilsendt eit førsteutkast til notatet den 25.11.24. Styret hadde e-postkontakt med advokat Sæther i forkant av dette.
Førsteutkastet blei handsama i styremøte 25.11.24. Styret hadde nokre innspel og spørsmål, og styreleiar fekk i oppdrag å kontakte Sæther om desse, samt å skrive utkast til oversendingsbrev til aksjonærane. Då det oppstod ein akutt helsesituasjon i nærfamilie til advokat Sæther, fekk han ikkje ferdigstilt og oversendt notatet før 19.12.24.
Utkast til oversendingsbrev blei skrive av styreleiar dagen etter, og sendt til styret på e-post for behandling i sirkulasjon. Styret godkjende brevet, og det blei sendt vidare til brevsentralen for fysisk utsending den 23.12.24.
Styretpraktiserer, som nemnt, openheit, og sender gjerne over e-postar og styreprotokollar dersom det er ønskjeleg
3. Er rapporten fraadvokat Sæther datert 19.12.2024 behandlet i Styret i Etne Ellag før OveWangensteen, Eurojuris, skrev brev datert 20.12.2024 til aksjeeierne i EtneEllag? 1. Spørsmål: i. Foreliggerdet referat fra Styremøtet 19. eller 20.12.2024 som omhandler ovennevnte? ii. Hva vareventuelle stemmefordelingen som tilsa full aksept for den organisasjonsformOve Wangensteen kjemper for?
Dettehar styret gjort greie for ovanfor. Styret vedtok brevet samrøystes. Styret vilminne om at styreleiar ikkje «kjempar for» ei bestemt organisasjonsform, menetterlever den instruksen styret fekk frå årsmøtet i 2024. Styreleiar har gittuttrykk for styret si meining i uttalar til media m.m.
4. Har Styret vurdert åskifte advokatfirma, slik at en unngår spekulasjoner omkringhabilitetsspørsmålet?
1. Begrunnelse: Se pkt. 2ovenfor.
2. Er PwC under etableringi Etne?
Styret er nøgd med tenestene frå advokat Sæther. I tillegg til å vere spesialisert innan dei rettslege spørsmåla denne saka krev, har advokat Sæther den fordelen at han var engasjert av EEL SA i samband med omdanninga i 2018. Han har difor svært god innsikt i dei faktiske forholda i saka – noko som utvilsamt er kostnadsbesparande samanlikna med å hente inn ein annan advokat med «blanke ark».
Styret har forståing for at det kan kome spørsmål om habilitet, men minner om at dette er vurdert av styret som kollegium, og at ein spelar med heilt opne kort om dette.
Styret ser det som uheldig og unødvendig å bruke relativt store beløp på å engasjere ny advokat. Men dersom årsmøtet skulle ønskje dette, eller ønskje ein «secondopinion», er dette ikkje noko fanesak for styret.
Nårdet gjeld PwC, forstår vi at ein tilsett økonom der skal flytte til Etne. Nye heimflyttarar blir ønskt varmt velkommen, men vi går ut frå at juridiske saker framleis vil måtte sendast til PwC sine advokatkontor i Bergen og Stavanger forbehandling. Salæret der er venta å liggje vesentleg over det som er vanleg lokalt på Haugalandet.
Skulle styret bli pålagt av årsmøtet åinnhente ei ny vurdering, eller pris på dette, vil vi sjølvsagt gjere det. Vi vil i så fall be om konkrete forhold ved rapporten til advokat Sæther som skulle tilseie dette, framfor skuldingar om udokumentert inhabilitet og eigeninteresser.
5. Har styreleder OveWangensteen til hensikt å kjøre gjennom sitt ønske om å omdanne Etne Ellag tilen stiftelse uansett hva flertallet av aksjeeierne måtte ønske?
1. Bakgrunn: i.Det kan oppfattessom om Ove Wangensteen kommer med en form for ‘trussel’ i brev datert20.12.2024 ved å vise til at det i senere stemmegivning kreves et mindreflertall for å få godkjent sitt ønske om dannelse av en Stiftelse. Håper min bekymring på dette feltet ikke medfører riktighet.
Styrethar til hensikt å rette seg etter det årsmøtet vedtek. Styret si informasjon i brevet om kva slags fleirtal vedtektene krev, var ikkje meint som nokon trussel, og styret trur heller ikkje at dei aller fleste aksjeeigarane tolka det slik.
6. Har Ove Wangensteen,Eurojuris, til hensikt å endre selskapsformen til en Stiftelse på linje medStiftelsen Etne Sparebank, (SESB)?
1. Bakgrunn: i.I brev fra OveWangensteen datert 20.12.2024, pkt. 2, avsnitt 2, kommenteres SESB som enviktig bidragsyter i lokalsamfunnet. Det kan trekkes den konklusjonen at OveWangensteen vil gjennomføre tilsvarende for Etne Ellag.
Styret meiner heilt klart atSparebankstiftelsen er ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet. At dette skal brukast som eit argument for at styret ønskjer det same for Etne El-lag,stiller ikkje styret seg bak. Styret finn igjen grunn til å minne om at det ikkje er Wangensteen som står åleine her – alt som blir fremja i brev og media er uttrykk for styret si fastsette meining, med mindre det går tydeleg fram at han uttalar seg som privatperson.
ii. Nå har jegdessverre ikke innsyn i SESB sitt arbeid og strategi, noe som er en stor svakhet med Stiftelse som organisasjon, men det bør vurderes nøye følgende:
1. Opererer SESB med million-lønninger til styret og daglig leder, i stedet for utdeling til lokalsamfunnet? Vil Etne Ellag gjøre det samme etter en eventuell omorganisering?
2. Kan få inntrykk av at selv Etne Kommune stiller spørsmålstegn ved SESB og strategien når det gjelder gave til Skakke? Vet vi hva som diskuteres på et Stiftelses-styre?? Årsmelding?
3. Vil en Stiftelse være åpen for innsyn for alle tidligere aksjeeiere?
Styret har heller ikkje innsyn i Sparebankstiftelsen, og kan difor ikkje svare for eller kommentere kva dei gjereller korleis dei har innretta seg.
Styret i EEL AS har likevel gjort sittbeste for å leggje til rette for innsyn og openheit i verksemda vår – i håp omå motverke konspirasjonsteoriar m.m. Basert på denne e-posten, kan einmistenkje at denne strategien ikkje fullt ut har lukkast.
Dersom årsmøtet skulle vedta at stifting er vegen vidare, ønskjer styret å fremje vedtekter som i størst mogleg grad speglar den ordninga ein har i dag. Dette vil innebere avgrensingar i kor lenge styremedlemmer kan sitje, mest mogleg innsyn, samt at dei noverande aksjeeigarane / innbyggjarane i det gamle konsesjonsområdet får stemmerett på årsmøtet som peikar ut styremedlemmene. Dette er enno ikkje utgreidd, men noko styret vil be advokat Sæther vurdere i tråd med stiftingslova.
7. Har vi innsyn i EtneEllag sitt styre dersom en endrer organisasjonsform, eller vil Styret sitte forevig og innvilge seg selv både honorarer og hvem som sitter i Styret?
Viser til det ovanfor.
8. Har valgkomiteenarbeidet med å finne kandidater til Styret som erstatning for dem som er påvalg? Kan ikke se at dette er oppført noe sted. Tar kandidatene gjenvalg?
Valgnemndas beslutning bledessverre ikke publisert. Den er lastet opp på heimesiden nå.
Kandidatene tar gjenvalg.
9. Hvorforer ikke alternative organisasjonsformer vurdert på en grundig måte. Spesielt må en kunne undersøke hvorledes SØK er organisert og legge dette frem for aksjeeierne.
1. Det er berettiget bekymring for at Ove Wangensteen, Eurojuris, kun fokuserer på etablering av en Stiftelse, som lukker alt innsyn i virksomheten. Når en først er kommet innenfor Styret, så sitter en trygt på ubestemt tid?
Visertil det ovanfor.
2. Styremedlemmene bør i tilfelle sitte på åremål, med honorar som hittil, fastsatt av aksjeeierne/medlemmene og ikke av Styret.
Dette er styret heilt samd i.
Dersom årsmøtet vedtek å opprette ei stifting, vil det noverande aksjeselskapet bli avvikla. Det vil då bli oppnemnt eit avviklingsstyre (for AS-et), og eit nytt styre for stiftinga vil bli oppnemnt. Dette må regulerast etter stiftingslova og nye vedtekter, men styret har eit ønskje om at styremedlemmene blir oppnemnde av eit årsmøte for stiftinga, der innbyggjarane i det tidlegare konsesjonsområdet har stemmerett og rett til å fastsetje salær m.m. (slik som idag). Dette må, som nemnt, vere i tråd med stiftingslova, og er noko ein enno ikkje har fått utgreidd.
Dersom EEL AS held fram (med eller utan utbyte), vil store delar av det noverande styret ikkje kunne halde fram etter neste års årsmøte – gitt at årsmøtet vedtek å avgrense styreverv til to periodar, slik styret foreslår i sak 1 ovanfor.
Det primære med ovennevnte er å sikre en åpen organisasjon der aksjeeierne bestemmer, og ikke et lukket Stiftelsesstyre.
Huskat det er aksjeeierne som har generert verdiene i Etne Ellag. En stiftelse vil frata aksjeeierne alle verdiene de har bidratt til i årenes løp.
Det er aksjeeierne som må bestemme hvilken organisasjonsform en bør gå for og ikke Eurojuris og advokater. De skal kun være støttespillere og fremfor alt nøytrale! Egeninteresser må settes til side!
Styret har aldri lagt opp til noko anna enn at det er aksjeeigarane som skal bestemme. Styret kjenner ikkje til at det skal vere nokon eigeninteresser i saka, og synest det er beklageleg at det blir spekulert i dette.
Det vil ikke være riktig å gå videre med denne saken med Eurojuris som advokatfirma uten at en også utreder ovennevnte alternativ. Igjen kan vi oppleve at Ove Wangensteen engasjerer det advokatfirmaet han selv arbeider for. Vanlig praksis i næringslivet er at det innhentes tilbud fra flere tilbydere. Det bør ikke være automatikk i at Eurojuris alltid skal arbeide for Etne Ellag.
Styret minner igjen om at styreleiar ikkje har stått åleine i denne saka. Styret har engasjert advokat Sæther på grunn av hans kompetanse – og ikkje minst fordi han var advokat for EEL AS i 2018, lenge før Ove Wangensteen gjekk inn i styret. At sistnemnde skulle ha hindra EEL AS i å engasjere Sæther på nytt, ville vore uhensiktsmessig, då Sæther kjende dei faktiske forholda m.m., og difor representerte ei kostnadseffektiv løysing.
Vi må ha alternative organisasjonsformer på plass før en eventuell avstemning tilhøsten.
Pånettsiden til Etne Ellag fremgår det som om diskusjon omkring omorganiseringen utgår på Generalforsamlingen, mens det i Innkallingen er tatt med som pkt. 10.Advarer sterkt mot at organisasjonsformen ikke diskuteres før avstemningen tilhøsten. Hva har vi å frykte?
Sak 3) Valg av advokatfirma for vurderingen og styreleders habilitet
Emne: Eg har nokre sakereg ynskjer å få opp på Generalforsamlinga i Elagsfondet 12. juni 2025.
Først vil eg nemna at eg den 17. februarsende 3 spørsmål til elagsfondet som eg ynskte svar på.
Etter purring på telefon til formannen Wangensten, fekk eg svar på 2 av spørsmåla 17 mars. Det tredje står framleis ubesvart.
Eg hadde ikkje høve til å vera påGeneralforsamlinga i fjor. På førespurnad fekk eg tilsendt referat frå møtet. Der såg eg at 2 personar var valde til å skriva under på referatet. Berre ein av dei hadde skrive under. Den andre var bytta ut med formannen. Dei 2 som var valde skulle vel vera forsamlinga sine vitne på at referatet var korrekt. I svaret frå formannen Wangensten vert det sagt at Osvåg ikkje ville skriva under av di protokollen ikkje tok høyde for " diskusjonane og kritikken " som hadde kome fram på generalforsamlinga. Det sku vel vera unødvendig å be om noko nærmare konkretisering av dette. Har det vore kritiske røyster som er utelatne i referatet så er det vel i høgste grad kritikkverdig.
Det går tydeligvis greit å finna paragrafar som kan gjera at den som ikkje kan godkjenna referatet kan erstattast av formannen. Dette burde etter i meining kome fram ved formannens underskrift.
Vil be om kopi av styret sitt vedtak om at formannen skal erstatta valgt representant.
Når det gjeld referatet frå årsmøtet i 2024, stemmer det at Osvåg (som vart vald til å signere saman med Kenneth Karlsen) den 20.08.24 informerte om at han ikkje ville signere referatet, då han fann det mangelfullt / for lite beskrive. På førespurnad fråstyreleiar kunne han ikkje konkretisere kva som eventuelt var uriktig, eller kva som «burde» vore med, utover at «referatet ikkje tek høgde for alle diskusjonane som kom fram på årsmøtet.» Han viste sjølv til regelen i aksjelovasom tilseier at møteleiar og minst éin vald til å signere må underteikne. Han ville ikkje signere av samvitsgrunnar.
Styret forstod det slik at Kenneth ikkje hadde nokon problem med å signere referatet, og fastsette difor at ein følgde aksjelova § 5-16 ved å velje den løysinga.
Det føreligg e-post korrespondanse mellom Osvåg, styreleiar og resten av styret om dette. Denne kan sendast ut på førespurnad.
Eg synest det er uheldig at Eurojuris ved adv. Sæther skal utarbeida notat om utbytte og vedtektsendring.
Dette har generalforsamlinga einstemmig vedteke. Årsaka til at dette er uheldig er når eg ser resultatet. Formann Wangensten går gjennom notatet frå adv. Sæther som han tydeligvis har motteke 20.12.2024. Han viser der til notatet frå adv. Sæther av 19.12.2024, altså same dato som Wangensten føretek sin gjennomgang. Eg siterar det han skriv i nest siste avsnitt side 1 :Sitat, Slik vi leser notatet fra Advokat Sæther, anser styret at en gjenninnføring osv Sitatslutt. Det er berre det at dette notatet frå adv. Sæther kan styret på det tidspunkt IKKJE ha hatt til handsaming. Siste styremøte før notatet kom var nemlig 25.11.2024 og det første etter motteke notat var 21.1.2025. Oppdraget som Eurojuris fekk var eit pålegg til styret frå generalforsamlinga, ikkje til formannen.
Styret viser til sak 2.1 i svaret ovanfor. Som nemnt der, vart førsteutkastet til notatet alt behandla i november. Styret ser det igjen som bekymringsfullt at enkelte meiner at styreleiar Ove Wangensteen fører ei alenegang i saka. All brevveksling og kommunikasjon er bestemt av styret i fellesskap, og dersom enkelte framleis ikkje er overtydde om dette, kan dei gjerne ta kontakt med dei andre styremedlemmene for ein samtale.
Saknar elles i innkallinga valnemda sitt framlegg til styremedlemer.
Styret takkar, og har lagt ut framlegget til valnemnda.
Elles vil eg også kritisera den korte fristen me får til å koma med saker ein ynskjer tekne opp på generalforsamlinga. Innkallingsbrevet vart motteke 28.5.2025 og fristen er sett til 1. juni 2025.
Styret har forståing for dette, og vil vere ute i svært god tid før det ekstraordinære årsmøtet til hausten.