Som kjent er styret i Etne Elektrisitetslag AS instruert av årsmøtet i 2024 til å greie ut alternative organisasjonsformer til dagens selskapsform. Dette mellom anna for å kunne ivareta føremålet sitt betre, samt for mogleg å unngå at aksjeeigarane vert formuesskatta for aksjane sine. Styret har innhenta juridisk vurdering frå advokat Hans-Jacob Reinlund Sæther om dette, der det vert tilrådd å gjera om selskapet til ei stifting.
Styret hadde som mål å leggje dette framfor ordinært årsmøte i juni i år, men ser det som naudsynt å innhente ei bindande førehandsfråsegn frå Skatteetaten om at dette kan gjennomførast skattefritt mv. før saka vert lagd fram for årsmøtet. Skatteetaten vil ha dette klart til hausten, og det vert då planlagt eit ekstraordinært årsmøte på det tidspunktet.
Ordinært årsmøte vil bli halde 12.06.2025, og vil då berre handsame vanlege årsmøtesaker. Innkalling vert sendt til aksjeeigarane, og vil bli kunngjord i Grannar og på nettsida til EEL.
Styretpraktiserer meiroffentlegheit, og legg ut alle notat mv. på nettsida. Ta gjerne kontakt dersom det skulle vere spørsmål.
Ove Kahrs Wangensteen
Styreleiar EEL AS