
1. Status for arbeidet med alternativ selskapsstruktur/organisasjonsform
Styret har følgt opp pålegget frå årsmøtet om å innhente ei tilleggsvurdering frå eit anna advokatkontor. Vi har engasjert Advokatfirmaet Haver AS, det største lokalt eigde advokatfirmaet i Rogaland,ved advokat Roy Arne Eike, til å gjennomføra ei sjølvstendig juridisk utgreiing. Haver har stadfesta at dei har solid kompetanse og tilstrekkeleg kapasitet til å utføra oppdraget. Styret v. Styreleiar har hatt eit møte med Haver åleine, samt eit felles møte saman med begge advokatmiljøa som arbeider med saka.
Det har likevel vist seg at utgreiingane ikkjevert ferdige tidleg nok til at styret finn det forsvarleg å avhaldeekstraordinær generalforsamling om saka i haust, slik årsmøtet la opp til. Skatteetaten har enno ikkje avsagt bindande førehandsuttale om dei ulike alternativa, noko som gjer at advokatane ikkje kan ferdigstilla si rådgiving.
Gitt både alvoret i tema og styret sitt ansvar for å leggja fram godt gjennomarbeidde saksdokument i svært god tid, har styret vedteke å leggja det ekstraordinære årsmøtet om selskapsstruktur til slutten av januar eller februar 2026.Vi ventar juridiske avklaringar i slutten av desember eller tidleg i januar, og vil publisera desse på heimesida vår så snart dei ligg føre.
Saka har òg fått noko lenger behandlingstid fordi EEL AS har blitt kontakta av Tysnes Kraftlag AS, som står i same vurdering. Styra har blitt einige om at Tysnes Kraftlag AS tek del i den juridiske utgreiinga, og vil dekka halvparten av kostnadene. Styret vurderer dette som ei klar fordel, både økonomisk og fagleg.
2. Ekstraordinært årsmøte før nyttår– val av ny revisor
Som følgje av at noverande Revisor Deloitte AS er blitt selt til det svenske selskapet Cedra AS, viser det seg at EEL AS må velja ny revisor formelt før årsskiftet. Styret har undersøkt med Deloitte om dette kunne utsetjast til det planlagde ekstraordinære årsmøtet i januar/februar 2026, men tilbakemeldinga var at dette ikkje er mogleg.
Styret vil difor kalla inn til ekstraordinært årsmøte 17. desember, der einaste sak på dagsorden er val av revisor.
For å avgrensa kostnader og tidsbruk – og fordi det berre er eitt formelt punkt som skal behandlast – ønskjer styret å avhalde møtet digitalt. Vedtektene for EtneElektrisitetslag AS inneheld ingen avgrensingar som hindrar styret frå å nytta elektronisk møteform etter aksjelova § 5-8 første ledd. Styret vil naturlegvis sørgja for ei forsvarleg gjennomføring i tråd med lova.
Aksjonærarsom ønskjer å delta, men som kan få vanskar med digital oppkopling mv., vert bedne om å kontakta styret i god tid slik at vi kan hjelpa med praktiske løysingar.
Informasjonen finn du også på www.elagsfondet.no
Styret ønskjer alle aksjonærane ei fredfull og god adventstid.
Med helsing
Styret i Etne Elektrisitetslag AS
Ove K. Wangensteen, Frode Grindheim, Elin Vik, Tord Askvig og Elin Hegerland Hjelvik