Prosjekt Skipingsarken Etne fekk 1 million kroner frå Elagsfondet

Skipingsparken - Etne Bustadskiping

Etne Bustadskiping ynskjer å gjere areala rund Bustadskipinga til eit attraktivt hage/parkområde som kan nyttast for bebuarane og andre

Føremonene med dette er slik styret i Etne Bustadskiping vurderer mange:

·        Bebuarane, som gjerne har ulike helseutfordringar, vil ha glede av å både kunne beskue området frå sine bueiningar, men også kunne nytte parken til rekreasjon og aktiviteter. Dette vil kunne ha god effekt for både fysisk og psykisk helse for bebuarane.

·        Ettersom parken skal ha eit breitt innslag av flora, tre og prydvekster, ynskjer styret å kunne få til eit samarbeid med relevante lokale organisasjonar for å til dømes nytte drivhuset sentralt i parken til møter, arrangement etc til nytte og glede forbåde bebuarane og menneske i Etne. I tillegg ser ein for seg mogeleg samarbeid med eksterne organisasjonar i samband med drift, vedlikehald og vidareutvikling av parken.

·        Frivillighetssentraleni Etne leiger i dag lokale i bygninga og vil kunne arrangere både tilstelningar og aktiviteter i den nye parken, noko som vil vera svært positivt for alle som har nytte og glede av det flotte og viktige arbeidet Frivillighetssentralen i Etne gjeri dag.

·        Styret i Etne Bustadskiping ser også for seg at parken kan nyttast til ulike almenne arrangement som konsertar, foredrag, undervisning etc.

·        Estetisk vil denne parken løfte Etne sentrum og vil gjera bygda vår enno meir attraktiv enn i dag.

‍

Sjå alle aktueltsaker ›
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.