Bilete av ungdommar som bygger i tre
Foto:

Etne Elag – retningslinjer for utdeling av gåver

Elagsfondet – skaper energi i Etne 

Vi treng di hjelp til å spreia sosial energi i lokalsamfunnet. Bli med på å gjera Etne til ein energisk plass å bu. 

Vi engasjerer oss i lokalsamfunnet 

Etne Elag er ein stolt gåveutdelar til sport, kultur, friluftsliv og andre gode tiltak i Etne. Vi ønsker å bidra til at Etne blir ein enno betre stad å bu. 

Elagsfondet skal gjennom utdelinger av gåver fremja tryggleik, helse og andre ålmennyttige føremål som er førebyggande, utviklande, aktivitetsskapande og samfunnsbyggande. 

Vi støttar tiltak i Etne innan: 

  • Idrett 
  • Friluftsliv 
  • Kultur 
  • Miljø 
  • Klima 
  • Turisme 

Søknadsfrist 

Frist 31. august kvart år. Søknadsskjemaet er ope heile året sjølv om ein berre behandlar søknadar ein gong. Dei som har søkt før 31. august, kjem med på årets runde.  

Kven kan søkja 

  • Lag, foreiningar eller organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret, gjerne i samarbeid med andre lag.  
  • Offentlege verksemder og næringsverksemder kan søkja om midlar dersom prosjektet har eit klart ålmennyttig føremål.   

Samtlege søkjarar må ha sitt verksemdsområde i tidlegare Etne Elektrisitetslag AS sitt konsesjonsområde, det vil seia gamle Etne kommune og Kyrping. Ein kan kun søkja om prosjekt som skal realiserast i Etne Elektrisitetslag AS sitt tidlegare konsesjonsområde. 

 

Kven kan ikkje søkja

  • Politiske parti 
  • Det vert ikkje delt ut gåver til kommunale/statlege institusjonar utan i heilt spesielle høve 
  • Sponsorat 
  • Religiøse føremål, det vil seia forkynnande verksemd. Unntak er for eksempel barnekor, speidar eller liknande. 

 

Søknaden kan ikkje omfatta

  • Prosjektkostnader påløpt før søknadsfristen 
  • Ferieaktivitetar, turar, reiser, cupar, samlingar, leirar, festivalar, konsertar, unntatt i spesielle høve.  
  • Utgifter til ordinær drift av organisasjonar (for eksempel straumutgifter, reinhald og løpande vedlikehald, faste personalkostnader, forsikringar, renteutgifter, husleige eller avdrag på lån.

 

Etter tildelinga 

Gåver på kr. 25 000,- eller meir skal profilera Elagsfondet gjennom Facebook- eller nettside. 

Gåver på kr. 100 000,- eller meir skal også profilera Elagsfondet på skilt, plakat og/eller programinformasjon.

Ved gåvebeløp under kr. 25.000,- skal mottakar dokumentera med foto som viser korleis støtta kom til nytte.

Prosjektet må vera gjennomført innan 3 år etter gåveutdelinga.

Tiltaket som er søkt om tidlegare, må normalt vera ferdigstilt før ein kan søkja på nytt.

Etne Elektrisitetslag gir ikkje grunngjevnad på avslåtte søknader.

 

Retningslinjer vedtatt 11.02.2019 

Revidert i styremøte 22.05.2023 

SØK OM SPONSORMIDLAR